Fortjener Steinar ein 6'er?

onsdag 11. mars 2015

Språklege bilete

Vinden uler, månen skuler
Regnet pisker meg i fjeset
Ansikt til ansikt med mørkets ensomhet
-
Det var kjærligheten som gjorde meg blind

Her har eg bruka språklege bilete. Dei språklege bileta eg har bruka i desse dikta er besjeling og personifisering. Andre døme på språklege bilete er ein metafor, eit symbol eller ei samanlikning.


METAFOR (utdrag frå Jens Bjørneboe sitt dikt, "Mitt Hjerte")

Mitt hjerte
det har verken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat og sko,
det har verken seng eller barnetro.
Det har ingen ro.

Ein metafor er ein samanlikning utan ordet som. Det gjer ofte til at samanlikninga blir sterkare eller gjer eit større inntrykk.


SAMANLIKNING (dette flotte diktet er henta frå diktbloggen til Taran Lister http://livetsblogg.weebly.com/)

Kjærlighet er som å få Findus fiskepinner i posten. Uventet, men fantastisk!


SYMBOL
Noko konkret illustrerar noko abstrakt. 
Døme på vanlege symbol er kors, blod, hjarte, slange osv. Men du kan også lage eigne (nyskapte) symbol.

BESJELING
Ikkje-menneskelege objekt får menneskelege trekk.
Døme: "Sola smiler", eller som i diktet eg har skrive litt lengre opp på innlegget: "Vinden uler, månen skuler"

PERSONIFIKASJON
Abstrakte ting får menneskelege trekk.
Døme: "Døden kom uventa på besøk", "mørket sneik seg innpå".

ALLUSJON
Eit slags skjult sitat frå ein anna tekst, eller det å spille på kjente hendelsar/tekstar.
Noko som det ofte alluderast eller hentydast til er bibelen. Døme på hendelsar det kan alluderast til er: 22 juli, 9/11 (twin towers), Auschwitz









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar