Fortjener Steinar ein 6'er?

torsdag 26. februar 2015

Kontrastar

Den svarte katten likar lettmjølk
Den kvite musa likar heilmjølk
Dei er nokså ulike

Den høge mannen likar oransj
Den låge dama likar blå
Dei er nokså ulike

Den slemme broren likar langt blondt hår
Den snille søstra likar kort brunt hår
Dei er nokså ulike


Dette var eit dikt eg laga for å veldig tydeleg vise kontrastar. Ein kontrast er når noko er heit motseiande til kvarandre. (kvit - svart, lang -kort, klassisk - metal, godt - ekkelt)
Lista er uendeleg..

I komposisjonen av dette diktet har eg også bruka gjentaking, for å understreke kontrastane. Verselinjene mine blei nokså lange, det var fordi eg trykte inn mange kontrastar. Kanskje litt for mange når eg tenker meg om, men eg fekk iallefall vist tydeleg kva kontrastar er.

Her kjem eit anna dikt med kontrastar, skriven av Inger Hagerup.

Tomaten henger i solen
og tenker fornøyd som så:
Stappfull av vitaminer
gleder jeg store og små.

Men løken ligger i kjelleren
og grubler stumt på sin gåte:
Hva kan det være i veien med meg
som bare får folk til å gråte?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar