Fortjener Steinar ein 6'er?

fredag 27. februar 2015

Stev

Eit stev er bygd opp med AABB. Det er rim og rytme i stevet. AABB vil seie at dei to seiste stavelsane i setningane rimer. Stev er ofte humoristiske og handlar ofte om kjærleiken (eller hatet) du har til ein anna person. Det kan og handle om natur og liknande. Rim og rytme er eit veldig vanleg verkemiddel som blir bruka i dikt. Musikalitet og rim/rytme er to begrep som egentlig er litt knytta til kverande. Det er også mitt favoritt-verkemiddel :) Det er fleire forskjellige typar rim, fullrim (to ord lyder likt frå og med seiste trykksterke vokal), enderim (rim på slutten av ei verselinje), bokstavrim (trykktrunge begynner på vokalar, eller begynner på samme konsonant) og halvrim (trykksterke stavelsar i ord rimer)

Han Åsmund er no ein røten kare
Rett inn i mitt land den karen fare
Eg var jo sø grei og snill mot han
Men han var slem og han tok mitt land

I nord og aust har no eg ein stad
Aude og forlatt som eg ikkje vil ha
Men han Åsmund han synes at
Eg skal bu der, ja eg får fnatt

Nei du Åsmund du er ein pest
På mitt land eg hadde stelt til fest
Ditt tilbod eg ikkje kan godta
For eg har ingen stad å dra

Dette er ein stevkamp som eg hadde med Åsmund Soldal. Du finn hans stev på bloggen hans. http://asmunds.weebly.com/

torsdag 26. februar 2015

Kontrastar

Den svarte katten likar lettmjølk
Den kvite musa likar heilmjølk
Dei er nokså ulike

Den høge mannen likar oransj
Den låge dama likar blå
Dei er nokså ulike

Den slemme broren likar langt blondt hår
Den snille søstra likar kort brunt hår
Dei er nokså ulike


Dette var eit dikt eg laga for å veldig tydeleg vise kontrastar. Ein kontrast er når noko er heit motseiande til kvarandre. (kvit - svart, lang -kort, klassisk - metal, godt - ekkelt)
Lista er uendeleg..

I komposisjonen av dette diktet har eg også bruka gjentaking, for å understreke kontrastane. Verselinjene mine blei nokså lange, det var fordi eg trykte inn mange kontrastar. Kanskje litt for mange når eg tenker meg om, men eg fekk iallefall vist tydeleg kva kontrastar er.

Her kjem eit anna dikt med kontrastar, skriven av Inger Hagerup.

Tomaten henger i solen
og tenker fornøyd som så:
Stappfull av vitaminer
gleder jeg store og små.

Men løken ligger i kjelleren
og grubler stumt på sin gåte:
Hva kan det være i veien med meg
som bare får folk til å gråte?

tirsdag 10. februar 2015

Gitartime

Gitartime
Etarimgit
Iramgitte
Targimeti
Agitretim
Reimagitt
Ertamitig
Treigitam
Ittimager
Artigtime
Rittigame
Gramitte
Gitartime

Dette diktet er eit dikt der eg tar utgangspunkt i ordet "gitartime", og flytter om på bokstavane slik at det blir til nye ord. Diktet Kulturuke av Jan Erik Vold gjer det samme, men då med ordet "kulturuke". Dette er ein måte å komponere diktet på.

Figurdikt

Eg likar vinglas for dei er så fine
Også er eg veldig glad i brus
Sprudlande av glede
Det brusar
Smak
Lukt
Alt
Er
Fantastisk perfekt


Figurdikt blir til tider bruka som eit verkemiddel for å gjere budskapet enda sterkare. Nå hadde ikkje akkurat det diktet eg fekk satt saman her så heftig stor meining, men desse dikta har nytta seg litt bedre av verkemiddelet å forme diktet som ein figur:




torsdag 5. februar 2015

Vinterdikt

Eg ligg i snøen
Kakaoen ventar
No er snøengelen ferdig
Han vart feit av ribba

Dette er mitt fyrste dikt på denne diktbloggen kor eg skal kommentere litt forskjeligge verkemiddel bruka i dikt og liknande. I dette diktet har eg bruka fabulering, assosinasjonar og sanseord knytta til vinter. Dette gjorde vi i norsktimen. Vi skreiv opp alt vi kom opp rundt ordet vinter, eg endte med dette tøysete diktet.